Utskrift fra: www.norvetnet.no
Dokument: http://www.norvetnet.no/dok/artikkel435.asp
Skriv ut Side | Lukk vindu


29.11.2011
Tilsvar til innlegg: Verdigheit i veterandebatten
Liv M. Stenbakk KrognesEg innser at vegen er lang før ihuga NVIO patriotar tar sjølvkritikk, veldig lang. I innlegget ditt blir eg oppfatta som sjølvmotseiande i demokratiske prosesser, det kunne for så vidt  vere, men når Pårørandegruppa:  …i tillegg nektet at det skulle skrives referater fra møtene er jo heller ikke i tråd med det hvordan en demokratisk gruppe skal drives, da ble det til at NIO opprette sin egen pårørendegruppe. Då er argumentasjonen ute av alle proporsjonar.
 
 
 
 
 
 
Føringane. Du har heilt rett i at hovudgrunnen til samarbeids slutt var føringane frå forbundsstyret og landsmøtet. Den nye samarbeidsavtala var godkjent, klargjort for landsmøtet, men utan sonderingar med Pårørandegruppa på førehand. Ein frittståande organisasjon som arbeider for C-veteranar var degradert til ei lokalforeining. Forbundets avtale må trekkast fram i lyset atter ein gong:
 
Pårørendegruppen skal ivareta pårørende fra både internasjonal og nasjonal tjeneste.
 
Dette gjelder alle kategorier: Pårørende som har mistet sin nærmeste (ektefelle eller barn) i tjenesteutenlands eller innenlands, og pårørende til personell som har fått psykiske eller fysiske skader i tjenesteutenlands eller innenlands og pårørende til personell som har begått selvmord (etter påkjenningen de har hatt) etter sin tjeneste innenlands eller utenlands.
 
FNVLF’s styre mener at Pårørendegruppen for FN-NATO Veteranene ikke vil miste sin ytringsfrihet eller selvstendighet selv om de blir en del av FNVLF. 
 
Protestane førte til endringa: skal til , og med 8 dagars frist til å ta stilling til ”invitasjon” til ny samarbeidsavtale. Det opplevdes som å bli trakka på av jernskodd hel. Den munnlege framstillinga var totalt annleis enn den skriftlege, og når forbundet profilerer seg gjennom sjefsintervju, og vi reagerer sterkt på fleire av dei, kunne vi ikkje akseptere føringane.
 
Men historia held fram. Forsvarsdepartementet avslo vår søknad som høyringsinstans og viste til møte med Grøtting: Forbundet skulle ivareta pårørande sine interesser. VA gjekk vekk frå lovnaden om økonomisk støtte og departementet sa: «pengane ligg på bordet viss vi la oss under NVIO». Kunn ei stemme for samarbeid, den blei begjærleg brukt for alt den var verdt. For meg er dette rein kynisme og maktbegjær, og har lite med respekt for verken pårørande sine interesser eller for demokratiet.
 
Demokrati (av gresk, demos, folk og kratos, makt) tyder folkestyre, der fleirtalsprinsippet er styrande. Demokrati kan vere direkte (alle stemmer) og indirekte der folk vel sine representantar.
 
Paul, du leikar med tal, la meg leike også. Pårørande er ikkje veteranar og veteranar er ikkje pårørande, her bør rollene skiljast. For meg verkar det som ein er tilbake til då halvparten av Noregs befolkning hadde stemmerett, dvs. mannen (les veteranen). Tre utpeika (ikkje valde) pårørande har i denne settinga ingen reell makt. Eg får assosiasjonar om Nord Koreansk styreform jf samarbeidsavtala. Boxaspen løyste problemet med å støtte ei frittståande pårørandegruppe, målet må vere at dei som har skoen på veit best.
 
Det blir etterlyst konsekvens i demokratiske prosessar. Herdis Smines ynskja å inkludere nasjonal teneste, men argumentasjon i Sjekkposten nr 1/2008 s. 27 (link) samsvarte ikkje med mandatet til interimstyret (å utarbeide formålsparagraf ), og når årsmøtet behandla saka meiner eg at det var korrekt. Som tillitsvald legg eg til grunn mandat, formålsparagraf, vedtekter og fleirtalsprinsipp. Kva var gale?
 
Det blei ikkje opna for motinnlegg i Sjekkposten og eg blei vist vekk frå talarstolen på landsmøtet.
 
Denne kampen har tært sterkt på Pårørandegruppa. Fleire har sagt som den røynde fagforeiningsmannen, far til ein veteran som tok sjølvmord: «Det er ikkje noko som forundrar meg meir i dette miljøet, eg har ikkje helse å reise på samlingane meir». På slutten skulle han og kona oppleve nedverdigande behandling, dei melde seg ut av forbundet og andre har ikkje fornya medlemsskapet. Ein anna far som førte ein utrøtteleg kamp for sin døde son, grein så han rista når vi sto ute på tunet på Bæreia. Bestefaren til denne guten slutta å snakke og gjekk stum i grava. «Liv, husk at dei berre beskyttar kvarandre, det beste vi kan gjere er å drive med folkeopplysning» sa faren.
 
Mitt forslag om å danne to grupper, nasjonal og  internasjonal, som kunne samarbeide, fekk ingen respons, men forbundet hadde langt større ambisjonar med sine støttespelarar i Pårørandegruppa (jf intervju med H. Smines og arbeidet til Grøtting). Og no er aktiv teneste tatt under vingane til veteranane også.
 
Når manglande referat var eit avgjerande argument for å opprette ei ny pårørandegruppe, kan ein bli mållaus av mindre, og minnast å bli stilt til skulerett for  ”manglande arbeid” basert på sladder og baktale. Pårørandegruppa skriv sjølvsagt referat, bakteppet er at forbundet skreiv referat frå våre møte utan å vere vald, med distribusjon til utanforståande, og fekk sjølvsagt protestar.
 
Kva som blei gjort i 08 – 09, kan eg ikkje svare for, då protokoll og andre dokument framleis er i Grøtting sine hender. Når ho vart utpeika til å leie forbundets pårørandearbeid, finn eg  ikkje logikk i din påstand. Viss dette er forbundets offisielle grunngjeving, ja då er situasjonen langt meir alvorleg enn eg visste.
 
I innlegget ditt ”Klaging utan integritet”, blir familiane til C-veteranar karakterisert som sutrete. Kven som har sutra mest og ”hatt desperat behov for merksemd” får andre ta stilling til, men skribenten verkar lite orientert når soldatar blir tillagt vår gruppe. Vi har medlemmer, men profilerer oss ikkje i den retninga. Eg ser det blir oppmoda til samarbeid som eit ledd i marknadsføringa.
 
Eg konstaterar at ingen av dei skadde sine organisasjonar har tillit til Olsen i klagenemnda. Det er lov å trekke seg for å skape ro i dette sørgjelege kapittelet.
 
Nobels fredspris skal snart utdelast til tre sterke kvinner. Kanskje på sin plass med refleksjonar om modige kvinner som  har kjempa for C-veteranfamiliane og verdigheita til landets største veteranorganisasjon?
 
 
Eg takkar for debatten. 

Liv M. Stenbakk Krognes
tidlegare leiar i Pårørandegruppa for FN- og NATO- Veteranar

 
 
 
 
 
Sist oppdatert:29.11.2011 11.11.58
  

Kilde: www.norvetnet.no